Historie

Elias Vadset vart fødd i 1921 og voks opp på Willemplassen i Skodje. Som dei fleste andre gutar på den tid, var de å få seg gardsarbeid som dreng. Men allereie i 1937-38 fekk han anledning til å gå snikkarlina på Holmøy Arbeidsskule, som på den tid og seinare stod for særdeles solid og god yrkesretta utdanning. Seinare kom Elias i lære i bygningsfag, mellom anna var han med på å bygge låve på Solnør og ei sjøbu på Longva. Læretida gjekk vidare til trevareproduksjon på Flåtane og møbelproduksjon hos Monsen i Ålesund.

Fyrste start

Året 1942 starta det heile med kostebinding i kjellaren i våningshuset som står på Willemplassen i dag. Dette var skurebørstar med trefiber som bust og dei blei produsert i fleire år. Mange ungdommar i bygda fekk seg arbeid her i denne perioden. Utanom gardsarbeid var det smått med arbeidsplassar; i sjølve Skodjebygda var det så og seie ingen industriarbeidsplassar på den tida.

Det blir fortalt ei historie om to av dei unge arbeidarane som kjekla litt i ein pause. Det gjekk ikkje betre enn at den eine datt bakover ei stor hagesaks som stod fastmontert. Saksa blei brukt til å klippe bust, men denne gongen laga ho ei djup rift i bakenden på ein av gutane. Her måtte dei av garde for å sy. Bernt Uhlen tok oppdraget og la i vei med den skadde i lastebil. Ein av unggutane var med og pressa ein handduk mot flenga. Det var krig i landet og på Straumsbrua var det sperring og vakt. Då den tyske vakta fekk sjå den blodige handduken, fekk dei raskt kome gjennom og fortsette ferda mot Ålesund sjukehus og hjelp.

Elias Vadset Møbelfabrikk

I 1943 blei produksjonen flytt over vegen til eit hus som tidlegare hadde vore bustadhus med kjeller, hovudetasje og loft. Dette blei fabrikkbygning i 20 år framover. Det offisielle namnet på føretaket blei Elias Vadset Møbelfabrikk.

Elias var rask til å investere i nytt og betre utstyr. Allereie under Krigen slo han til og kjøpte ein planhøvel. Den står i bedrifta den dag i dag. Høvelen er produsert av Rapid Maskin­fabrikk i Fredrikstad og blei kjøpt gjennom I. Kokkin Maskinforretning i Oslo. Men det hardna til utover krigsåra og dei tok likevel ikkje sjansen på å prøve å transportere denne oppover. Det meste av den slags blei beslaglagt av krigsmakta og sendt til omstøyping. Derfor blei høvelen gjømt på ein låve i Østfold ein eller annan stad til Krigen var over.

Nye produkt

Etter kvart kom det fleire og fleire møbel- og trevareprodukt. Etter krigen blei det produsert møblar og innreiing på bestilling. Det var alt frå senger og kommodar til kjøkkenskap, spisebord og stolar. Elias var ein flink treskjerer. Eit av meisterverka hans er brudestolane som står i Skodje kyrkje i dag.

Utover 50-åra blei settbord eit viktig produkt. Dette var bord i rokokkostil og dei blei selde over heile landet. Steen og Strøm i Oslo var ein relativt stor avtakar, men hadde så stor suksess med salet at dei gjekk til ein annan leverandør med modellen. Dei var ikkje betre den gongen, heller! I slutten av 50-åra og utover gjekk bedrifta over til å levere stolgrinder. Det blei etter kvart fleire møbelprodusentar i distriktet og mange av dei kjøpte inn halvfabrikata.

Dei fleste har vel høyrt om Stokke sin suksessmodell Tripp Trapp som designaren Peter Opsvik står bak, men få har vel høyrt om korleis produksjonen kom i gang. Dåverande produksjonssjef på Stokke var ganske resolutt "denne steinbukken skal ikkje produserast hos Stokke." Nokon i leiinga hadde vel betre tru på produktet og då var ein under­leverandør grei å ha. Med stor entusiasme og innsats greidde Vadsetane å få et ferdig produkt ut av det, men så skjer det som er vanleg i ein underleverandør sin kvardag: etter nokre seriar høyrer ein liksom ikkje noko meir.

Brannen i 62

Sommaren 1962 braut det ut brann i den gamle trebygningen. Fabrikken blei totalskadd. Dette skjedde berre 14 dagar etter at neste generasjon hadde kome med for fullt. Denne hausten og vinteren vart det sett opp ny fabrikkbygning på Willemplassen og det blei hovudfabrikken i over 10 år. I ein lang periode framover blei det no satsa på underleveransar til andre møbelfabrikkar.

Vadset Møbler AS i Furlia

I 1973 blei firmaet omdanna til aksjeselskap med namnet Vadset Møbler AS. Det blei på den tida bygd nytt fabrikkanlegg i Furlia. Hovudfabrikken blei flytta dit, medan gamlefabrikken blei brukt til lakkavdeling.

Utover 70-åra blei det satsa mest på underleveranse.
Gode, stabile kundar var for eksempel Sverre-Møbler i Liabygda, Vatne Lenestolfabrikk for å nemne to viktige. Til sistnemnte produserte vi treverk i bøk med rotting i vangane, fine stilmøblar som Vatne var kjent for. Fleire kvinner i arbeidsstokken utførte dette krevjande arbeidet.

Seinare på 80-talet blei det satsa på eigne møbelmodellar, i hovudsak kjøkken- og spisestovemøblar. Men parallelt med dette blei det og satsa på trevarer som furugolv, panel, listverk og utforingar, og ikkje minst profilert listverk. Det er innan dette produktspekteret vi er i dag.

Vadset Tre AS

Som ein konsekvens av endring i produkt, blei også firmanamnet i 1989 endra til Vadset Tre AS. Produksjonslokala vart utvida ein gong for nokre år sidan og nett no i haust tok vi i bruk eit nytt, stort lagerbygg. Det er i dag andre generasjon som eig og driv firmaet. Tredje generasjon har allereie vore med 15 år.

Vi har gjennom desse åra hatt ein uvanleg stabil arbeidsstokk. Fleire har hatt 20 års tenestetid og meir. Mange har naturleg vis hatt kortare tilsetjingar, ikkje få fekk sin fyrste arbeidsstad her og for vidare til utdanning eller anna arbeidsliv. Arne Seljeflot blei tildelt Noregs Vels medalje for lang og tru teneste med heile 45 år i bedrifta.

Varene blir selde over heile landet. Optimismen har alle desse åra vore til stades. Heile tida dukkar det opp nye muligheiter.

Historie skrevet av Torbjørn Vadset, 2010